Buenos Aires

No har eg vore i Buenos Aires i 4 heile dagar og eg elskar det! <3

Følg med her.

Blomar

Blomar: min favoritt i alle samanheng. Eg prøvar, ganske ubevisst til tider, å finne både bøker, lamper, øskjer og bilder som har blomar i seg. Aller sterkast er det sjølvsagt kleda som står. Finn eg eit skjørt med vakre roser på, er eg solgt. Dei siste åra, sikkert òg i trinn med moteverda, har eg samla meg opp eit knippe blomsterklede som eg er blitt altfor glad i.





Omsaumsprosjekt: den øvste kjøpt av Mariell og den andre på Fretex Unika.
Dette er slike kjolar som har lege på sybenken litt for lenge, fordi dei er for fine til å berre kaste seg over. Eg må nok setje av litt verdifull tid til desse yndlingane.





New York kjolen min eg aldri får gjort noko med. Den må òg syast og fiksast litt på før den er klar til bruk.










Alle eigne prosjekt har óg på mystisk vis alltid fått blomar i seg. Både i vanleg stofftrykk og i blondeform.




Nye og brukte skattar.


Til slutt, og så altfor sjølvsagt:
den fantastiske yndlingsbuksa eg kjøpte (pinleg nok) på H&M, men derimot i New York.

Spatz

I går redda eg ein liten fugl, ein spurv. Den va så pittepitteliten. Den låg berre å flaksa i buska etter at den eine katten vår leika med den. Eg vart så sint at eg kasta ho langt vekk.


Den va berre så heilt utruleg søt, så eg begynte å planlegge korleis eg kunne ta min nye ven med meg overalt.


Eg prøvde til og med og gi den litt mat, men den ville ikkje ha noko, og den klarte ikkje å fly.

Litt seinare fekk den sitje på magen min. Den var heilt urørleg, og eg såg at den etterkvart gjekk tom for luft og at hjartet slutta å slå. Det var heilt forferdelig.


Dette vart min tristaste sommardag. Før eg reiser på hyttetur skal eg begrave den under den finaste ripsbuska vår.

Meir G-koz

Lørdagen var om muleg endå betre enn fredagen. Fleire folk stakk innom, og vener frå nord og sør (kanskje mest aust) fekk sjå kva Florø hadde å tilby ein laurdagskveld.


Vi vekte Simon, som sov tungt etter den store Trønderreisa.


Og Helga fann fram koppetøyet til frokost (eller noko).


Kjersti hakka etterkvar lauk.


Og Midget var deltakande mentalt.


Sola stakk igjen innom etter nok ein regntung dag. Dette vart for mykje å takle for objektivet.


Koz.



Gif Created on Make A Gif
Helga var dessutan i slaget. Difor denne frekke animajsonen.


Kjersti med det fine håret.


Best-friends-4-ever-lizm.


Plutselig måtte alle heimatt. Nesten et år til neste gang. Geehe.

(Helga sitt bilde)








Grendlandsgodt på ein fredag

I helga fekk eg fantastisk besøk av Grenlandsvener, det var intenst herleg!


Kvitvin + hatt.


Etter ein heil dag regn stakk sola innom for å helse.


Midget var naturen sin eigen toastmaster og hadde høgtlesing av "Dikt og sanger til Store Dager".


Fine, fine Anna.


Vin i busskur, sjølvsagt.


Også fann vi ut at badekaret måtte brukast og utnyttast. Eg trudde eg kasta badeskum oppi karet, men det var visst berre farge. Difor det ekle, oransje vatnet:







Når alt hadde roa seg og det hadde blitt mørkt ute, kom Simon med bussen frå Trondheim. Då vart det jubel og høgsong, og alle somna lykkelege i alle sine dagar.

Roskilde'10

O store HØGTID.
Den beste måten å starte blogginga på igjen må jo vere å publisere nokre av dei finaste Roskildebileta:


Vi tilbragte først ein heil dag i vakre, eventyrlege Christiania.


I køa til festivalen: falsk alarm om nedreve gjerde for 2. gang. Ei pantomimejente stakk bortom for å dele vår frustrasjon.


Endeleg i klargjort lejr. Janne solar seg i korsett og hatt.


Våre phantastiske naboar som klipte og bretta julehjerter som ingen andre.


Og eit vakkert gjensyn med Grenlandsfolket!


HøgtidsSPENENE!! Vår fabelaktige lejr!


Kokkelering med 8 suppe og treretters middag i campen.


Trivsel!!


På Odeon: Casiokids tok seg heldigvis opp mot slutten, og Bikkjen gjekk rett i fletta på Lina.


Patti Smith på Orange!


Vi bada i det deilige Tuborgbassenget.


Og vi steikte faktisk eplekake på primus!


Heimreisa var noko problematisk (utan å gå for mykje inn på det), men endte godt med frukost utanfor Oslo S før alle vegar skildes.












Redesign

Okei, her kjem ei fortsetting på omsaumsprosjektet mitt.




Litt undervegsbilete.


Eg bytta ut dei gamle, falma knappane med nye, blanke med anker på.
Geh <3


Slik vart altså reslutatet. Eg syntes den blei ganske så søt.


Det neste prosjektet mitt er ein topp laga av ein typisk "ned-på-skuldrane"-90-talstopp og eit gammaldame skjørt.



resultatet skal bli ca sånn:


Berre utan den blonderemsa som belte. Eg skal nemleg lage eit nytt eit (sjå til høgre) med naglar og den fine beltespenna.


Belteproduksjon på G.



I kveld skal klassen vise fram alt vi har laga til no på ein slags catwalk. Det kan bli interessant.

Og ja, her kjem kjolen eg for lenge sida laga, men som eg aldri viste på meg sjølv. Den skal òg visast fram i kveld.


De skulle berre visst kor dum den ser ut i profil, hahahaha!
(beklagar forresten den forferdelege bakgrunnen, eg bur på eit roterom.)

Omsaum og buksekreasjonar.

I det siste har det vore hardkøyr i klassen. Det vil sei, såpass hardkøyr det kanskje er muleg å få det på ein folkehøgskule som denne. Men, eg har altså laga mi første bukse! (kort applaus + jubel!) Og det er noko av det vanskelegaste eg nokon gong har gjort. Ikkje nok med at stoffet var tjukt som ei vestlandslefse, eg måtte sy, sprette opp, sy, sprette opp, sy, sprette opp....(de skjønar teikninga) heile vegen. Meeen omsider vart eg likevel ferdig.


Der ja! Litt bestefaraktig kanskje, men det er jo berre koselig. Eg skal prøve å få tatt eit bilete med meg inni den ein gong snart. Må berre fikze litt småting på den først.

Og no, mitt hjartebarn redesign. Det er det eg absolutt elskar mest innanfor saumens vide og breide. Denne prosjektperioden skal vi nemleg drive med det! Sjå, masse gratismateriale:




Litt shortsar, belter, bluser, skjørt, og ja, til og med ei badedrakt!

Det første prosjektet mitt er å...


...forvandle desse to vraka


...til noko slikt. Eg skal altså beholde midtpartiet (som er favoritt) på den oransje, og erstatte sidene med det grå skjørtet. Nederst puttar eg inn litt blondegardin, tenkte eg.

Se hva som skjer!

New York, baby! (2)



På torsdag bar det avgårde til NBC studios.


og Central park (får nokon flashbacks til Home Alone 2?)


Her feira vi alle sin bursdag med donuts og kaffe.


Undervegs kunne eg sjølvsagt bruke litt nyinnkjøpte klede. <3


Og Silje kjøpte den aller finaste veska eg har sett i mitt liv!!


Bruktbokbutikk i East Village.



Rett ved Empire State Building var den aller beste vintagebutikken: "Jack's Cheap Vintage Clothing". Den var heilt gigantisk og hadde tusen klesstativ rangert etter årstal. Den eldre krigsveteranen, Jack, fortalte oss ivrig om korleis han for 30 år sida opna butikken, og alle kleda kosta 3 dollar, derav namnet. Han viste oss innramma bilete av seg sjøl frå Vietnamkrigen og gjorde det obligatorisk for oss å på eit eller anna tidspunkt bu i New York. Det må nok bli.


På den koselegaste amerikanske dineren vart vår middag servert på fredagen. Mm.


På laurdag var vi på Sex and the city tour, og det var berre heilt fantastisk! Guiden vår var superenergisk og kunne alle episodane utenat.


Vi fekk deilige sjokoladecupcakes med sjokoladekrem.


I dette nabolaget bur faktisk Sarah Jessica Parker.


Vi besøkte baren til Aiden og Steve, Scout, som i røynda heiter "Oneill".

Jaa, det var ein fantastisk tur. Reis dit!

New York, baby! (1)

15. februar trappa 30 eller 40 (er ikkje heilt sikker) reiseglade Grenlandsfolk opp på Gardermoen klare for jetlag, burgers og the city that never sleeps!

Manhattan såg ut nett som på postkort.


Vi budde på Hotel Edison rett borti høgget frå Times Square. Perfect!


Det første vi gjorde denne veka var å ta heisen opp i 86. etasje på Empire State Building. Nesten som å vere i eit fly.


Lærar Ingrid, meg og Cathrine i full snøstorm på toppen av ESB. New York er ikkje særlig varmare enn Noreg i februar, nemleg.


Dag nummer 2 gjekk til besøk av Liberty Island,


Ellis Island,


og Ground Zero. Her var det zero igjen rett og slett. Berre store gravemaskiner.




På kvelden reiste vi til China Town der vi fekk deilig, kinesisk mat. Og eg lærte meg sjølvsagt å ete med chopsticks.


Back at Times Square. Når ein steig ut av dei gule taxiane her var det som å gå ut i reint dagslys.




På onsdag tok vi turen til Greenwich Village, som absolutt er ein av favorittbydelane mine. Her var det vintage på vintage på vintage, og fine malte fliser med peace&love.


Dersom de er her ein gong MÅ de reise innom Starstruck Vintage Clothing. Stylisten til Sex and the city, Patricia Fields, har vore mykje her og henta klede til Carrie. Her jobba dessutan den aller søtaste dama, Victoria. Kleda i butikken var barna hennar, og ho visste akkurat kva vi ville like. "Og my gosh, you're gonna love this one"! (bileta er henta frå nettstaden, vi fekk nemleg ikkje ta bilete i butikken).


Etter vintagehandling gjekk vi block by block ein halvtime til vi  kom til Little Italy der vi møtte resten av gruppa til middag.



Les meir i arkivet » August 2010 » Juli 2010 » Mars 2010
hits